04/03/2025
HMS, bistand og Kenyakontor!
Fram til 19 mars vil det vere uråd å nå Myklebust Trefelling på telefon fordi eg er i Kenya, kontakt meg på melding eller Book time til gratis synfaring og pristilbod tidlegast 20 mars.
Bistand, kvart år, går delar av overskotet i firmaet mitt til Eco Moyo Education Centre, ein skule nord for Mombasa i Kenya, dit er eg på veg no saman med elevane mine frå Karmøy Folkehøgskule.
Frå oppdrag i 2024, har vi også produsert salgsklar ved til inntekt for skulen i Kenya, takk til alle som eg fekk vedastokkane av, desse fjerna eg på dugnad til dette prosjektet, og vi har nokre sekkar att om du ønskjer å støtte prosjektet!
HMS, når du booker Myklebust Trefelling, kan du vere trygg på at oppdraget vert trygt utført etter ein grundig risikovurdering! For kvart oppdrag, lite eller stort, skriv eg ein SJA (sikker jobbanalyse) for å definere faremomenta og setje inn fleire sikringstiltak dersom risikoen er for stor. No har eg bla teke oppfriskingskurs på «Aktivitetar nær kraftledninger og kabler i bakken», fordi mange oppdrag er tre som er ved eller nær straumlinjer.
Vedlagt er bilder frå oppdrag i 2024 der tiltaket var å legge ned straumkablane fordi det ikkje var forsvarleg å klatre eller legge trea i andre retningar enn på tvers av straulinja.