Gode Rom

Gode Rom Contact information, map and directions, contact form, opening hours, services, ratings, photos, videos and announcements from Gode Rom, Interiørdesignstudio, .

Inspirasjon for eit lite tun som eg teiknar Eg har mest erfaring og jobbar jo helst med rom, fargar, materialer og løysi...
07/02/2025

Inspirasjon for eit lite tun som eg teiknar

Eg har mest erfaring og jobbar jo helst med rom, fargar, materialer og løysingar inne, men eg likar å jobbe med å sjå løysingar for ein tomt og skape ein god heilskap med naturen, plassere bygningar, murar og vegar i terrenget saman med dyktige entreprenører.

Jobbe med gode materialer og fargar ute, detaljer på bygningar og korleis skape gode uterom. Skape kontakt mellom inne og ute, skape rom ute som gjer kontakten med romma inne god. Skape lune rom med trær og busker, bruk av ulike materialer mot kvarandre. Opne stader med utsikt og rom med ly og ro.

Her er litt frå inspirasjonsmappa mi no i februar.
Bruken av naturmaterialer i prosjekt, ah, det er ein vinnar for meg kvar einaste gong.

Nye rom 🌼🛋️I fjor var eg med som Interiørkonsulent og arbeida saman med Ragnhild og familien hennar i deira nye heim. De...
14/10/2024

Nye rom 🌼🛋️

I fjor var eg med som Interiørkonsulent og arbeida saman med Ragnhild og familien hennar i deira nye heim.

Dei hadde eit klart mål når dei tok kontakt med meg og det var meir fargar i heimen! Dei hadde nyleg overteke nytt hus og ville skape ein heim som var tilpassa deira liv, ynskjer og behov.

Resultatet talar for seg sjølv i bileta under. Frå april 2023 til no, oktober 2024. Frå kvite, nøytrale vegger og tak til ein fargerik, interessant og nærande heim med fargar, god belysning og innreiing ellers. Tilpassa dei som bur der sine ynskjer og behov, slik det skal vere.

Det er Ragnhild og familien som har jobba med fargane, testa mange forskjellige fargar i ulike rom undervegs og komme fram til fargar som dei trives med og ville ha rundt seg.

Mi oppgåve har vore å hjelpe til med å finne ut av kva fargar dei helst ville ha rundt seg, det er ulike måtar å jobbe med dette på, gjennom samtaler og ulike verktøy.

Ettersom det er relativt open løysing mellom stove, kjøken, trapp og tilstøytande rom var det viktig å finne fargar som passa saman.

Undervegs i prosjektet har eg bistått med løysingar, idear, råd og mi erfaring for å lande fargar, kombinasjonar og bygge fargepaletten.

Innreiinga, møbelvalg og belysning er det Ragnhild og familien som har gjort sjølve. Denne veka var eg innom for å sjå resultatet og det er berre ein utruleg inspirerande heim og vere i, so gode rom å opphalde seg i med alle fargane og innreiinga. Det er nærande å vere i rom som kjennes så vitale!

Taket i stova er målt i ein lys grønfarge som står til veggene, på denne måten framstår rommet som lunt og taket tek ikkje like stor plass som viss det hadde vore kvitt. Som de ser av bileta er panelveggen som før var måla inn i takfargen no vorten ein del av veggfargen, noko som gjer mykje med rommet og følelsen der.

Taket på kjøkenet har fått ein dus og varm farge med eit snev av gult i seg. Dette gir meir lunheit, som står godt til den turkisblå fargen på veggene.

Det er so fint å få vere del av slike fine prosjekt og ulike heimar! Inspirerande og moro å arbeide ilag med deg og dikka om dette, Ragnhild! 🛋️🧡🌼🍃

Nytt liv for Montana-reolEin ganske basic, kvit Montana-reol eg har hatt i mange år var moden for litt oppgradering for ...
16/09/2024

Nytt liv for Montana-reol

Ein ganske basic, kvit Montana-reol eg har hatt i mange år var moden for litt oppgradering for å passa inn i heimen.

Eg elskar når ein kan fikse på ting ein har med eit strøk måling eller andre ting, som gjer at ein kan nytte det ein allereie har framfor å kjøpe nytt.

Den eg hadde var litt for låg for dagens bruk, eg ville ha meir luft under den + at eg ville den skulle vere meir elegant og tilføre rommet ein farge. Eg hadde òg lyst på nye håndtak. Eg var lei av det kvite og fordi eg trives med lyse vegger, så jobbar eg heller med å tilføre farge på møblar, lamper, kunst eller tekstiler.

Eg jobba med ulike fargar opp mot resten av fargane eg har i rommet ellers før eg bestemt meg for ein grønfarge. Eg testa med ein gulfarge, men følte den gav rommet litt for lite dybde til det som er av tekstiler, materialer og fargar ellers.

Eg fann desverre ikkje bilde av min reol slik den såg ut før med sokkel, men den såg identisk ut som på bilde eg fann via nettet, berre at min hadde to dørar.

Den nye fargen heiter Olive frå Jotun LADY, ein roleg og god grønfarge med akkurat nok dybde
Nye bein frå Superfront
Nye håndtak frå beslag.no

Viss du ikkje har lyst å måle ting sjølve fordi du er redd for resultatet er det mange firma som kan hjelpe deg med dette. Bl.a Fjordglas AS i Luster og Slengesol i Bergen.

Ha ein fine måndag! 🤗🌾

Tidleg i vår las eg med glede i Sogn Avis at Grethe Bondevik som jobbar som diakon i Luster skulle drive ny kafé for kyr...
04/09/2024

Tidleg i vår las eg med glede i Sogn Avis at Grethe Bondevik som jobbar som diakon i Luster skulle drive ny kafé for kyrkja på Pyramiden.

Bestaos Beste var tidlegare driven i desse lokala og ein sosial møteplass vart vekke når den vart nedlagt. Med Kvild ville dei skape ein sosial møteplass der alle skal kjenne seg sett og inkludert. Felleskap, omsorg og å bry seg om kvarandre i kvardagen.

Kaféen vert driven som ein ideell organisasjon der alt ein tener på Kvild, går tilbake til drifta. Dei ynsker óg at kaféen skal verte ein stad for arbeidstrening og språkpraksis på sikt.

Dei åra etter eg har etablert meg her i Luster Kommune så føler eg at bedrifter og kommunen i Luster er så gode på å gi tilbake til lokalsamfunnet og støtte opp om ting, så eg følte det med det same at no var det min tur å gi. At her var ein stad Gode Rom kunne bidra med løysingar og fargearbeid.

Viktige stikkord for Kvild, etter samtaler med Grethe, var leikenheit, at det skulle vera ein plass for alle, inkluderande, god tid, garn og strikk, gode samtaler, ein stad folk kan senke skuldrane og kvile. At folk skulle føle seg oppløfta når dei kom inn og litt meir inspirerte når dei gjekk derifrå.

Me såg på og kom fram til løysingar ilag som gjorde bruken av kaféen meir optimal og tilpassa dei ynskjer og behov som Grethe hadde for staden. Eg utvikla fargepaletten etter stikkorda og samtalene med Grethe om kva Kvild skulle vere.

Lys var eit viktig ord som kom til meg etter samtalen, derav kom det lyse gule inn i arbeidet. Lys frå sola eller ein ny dag, lys som kjem til oss etter ein god samtale, når me føler oss sett og møtt eller når me kjenner på einsemd men så gjennom kontakt kjenner me på samhold. Viktige verdiar for det Kvild skal vere.

Ro og kvile, her kom det grøne henta frå naturen der me finn ro og pust. Rosa er ein farge som Grethe likar, så den ville me prøve å få med utan at kaféen skulle framstå rosa. Det rosa og raude gir óg litt meir jord og ro inn i paletten mot det gule og grøne.

Tapeten følte eg skulle ha naturmotiv for å bringe naturen inn i kaféen, den vakre tapeten med lilla oliven fann eg hjå Øvrebø Fargehandel. Den passa perfekt inn mot det friske, grøne og balanserte fargane. Oliventreet er eit av dei mest symbolske trea og står for forsoning, etablering og fred.

Eg jobba mykje med ulike fargar i romma og lyset som er der før eg kom fram til ein palett eg kunne presentere for Grethe. Me jobba òg med fargane mot møblar og ting som dei skulle ha i kaféen, at det passa saman og gjorde kvarandre godt.

Fargepaletten består av fargar til vegger og kombinasjonar av desse til dei ulike rom, listverk, kjøken, kassedisk, tapet, tekstil til den nye benken og detaljer ellers.

Resultatet ser du i bilda under eller du kan ta deg ein tur på besøk og nyte ei deilig stund der. Dei har utruleg god mat til ein bra pris som er levert frå ATS i Gaupne og skikkeleg god kaffi!

Grafisk designer G**o Saur Ødegård har gjort den grafiske profilen til Kvild og ho tilpassa fargane i den til fargepaletten.

Innreiing og styling av kaféen er gjort av Mona Høyheim.

Skikkeleg fint å arbeida ilag med deg Grethe S. Bondevik om dette prosjektet. 💛🌼

Eg elskar å lagre bilder frå sider eg er innom eller frå ulike magasiner, arkitektar, kunstnarar eller andre kreative. I...
25/02/2024

Eg elskar å lagre bilder frå sider eg er innom eller frå ulike magasiner, arkitektar, kunstnarar eller andre kreative.

I innlegget under er bileta som inspirerar meg no.
Mars er her snart og våren er på veg.

Håpar de har ein deilig søndag!

🧡🌷 Cathrin

Eg lagrar bilder frå mange sider eg er innom. Dette har eg gjort så lenge eg kan hugse og alltid brukt som mi kjelde for inspirasjon. Bilder inspirerar meg i ulike jobbar eg tek del i, for heimen min og i eigne prosjekt. Fargar, mønster, kombinasjoner av fargar, former, natur, måleri, mat med me...

Her i Luster er me verkeleg heldige som har ildsjeler som kvar veke lagar radio med so mange fine reportasjar og samtale...
03/02/2024

Her i Luster er me verkeleg heldige som har ildsjeler som kvar veke lagar radio med so mange fine reportasjar og samtaler om ulike ting som rører seg rundt om i kommunen vår.

Eg var i det koselege studioet deira for nokre dagar sidan med Jorunn Grete som programleiar og Steinar med ansvar for teknikken. Me prata om arbeidet mitt som interiørkonsulent og det å vera sin eigen sjef.

I lenka under kan de høyra kva me prata om. Takk for praten Jorunn Grete! Alltid fint å vera på besøk hjå dikka i Radio Luster

Her i Luster er me verkeleg heldige som har ildsjeler som kvar veke lagar radio med so mange fine reportasjar og samtaler om ulike ting som rører seg rundt om i kommunen vår. Eg var i det koselege studioet deira for nokre dagar sidan med Jorunn Grete som programleiar og Steinar med ansvar for tekn...

Address


6875

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Gode Rom posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

  • Want your business to be the top-listed Home Improvement Business?

Share