17/03/2026
Bakdelen med den flate garden vår er at det er flatt. Det er bakdel når det er mykje fuktigheit og spesielt på vinteren...
Då legg isen seg lett vis det er fuktig, snø og regn og kulde om kvarandre.
Ei av fordelene eg lærde om regenerativt landbruk og målretta beiting, er at røtene, insekt og jordlivet lagar jorda meir luftig og gjer at vatnet går ned i marka istadenfor å ligge oppå.
I vinter har eg vore mest på stykket vårt Sjurøyane, der har det vore is stort sett overalt. Så eg rekna med det gjaldt heile garden. Det har vore vær til det i vinter.
Men nei 🙏 Med små unntak er det Sjurøyane som har is, ikkje dei andre stykkene 🤩😍 DET FUNKER 🙌👏👏👏
* auke organisk materiale i jorda
* auke jordlivet og insekt
* auke lengda på røttene til plantemassen
➡️ Vatnet vert drenert 🫶
Til og med når det er tele?!?!?! 🙏
Då gjer eg bl.anna:
🐑 Gir sauene mat ute på dyrka marka på vinteren
🌱Graset må få kvile mellom beiting/slått. Beite 2 dagar, kvile 20 dagar.
☘️ Beiter max 20% på dyrka marka, la sauene trakke ned mykje og la det stå igjen grastustar. Ikkje etterlate "vakker" golfbane på bøen