25/08/2025
Vi gratulerer med nyopning av hovudkontoret i Førde✨
I dag var det blå løper og snorklypping ved ordførar Jenny Følling - og jammen dukka det opp både lokale og nasjonale politikarar for å sjå det nyoppussa bygget!
Xform vann i 2022 arkitektkonkurransen om prosjektet, og har sidan vore tett på i heile prosessen; frå kartlegging og utvikling av arbeidsplasskonsept, til designkonsept, detaljprosjektering og gjennomføring. I sluttfasen fekk vi òg gleda av å bidra med utsmykking, i samarbeid med .
I ei tid der byggebransjen har hatt det tøft, har dette prosjektet vore ekstra viktig for mange aktørar i Førde og omegn. Banken spelar ei nøkkelrolle i lokalsamfunnet - og med sitt fokus på å bruke lokal kompetanse i alle ledd, viser dei verkeleg kva dei står for.
Tusen takk til SpareBank1 Sogn og Fjordane for oppdraget, tilliten og eit veldig godt samarbeid undervegs.
Vi har hatt stor glede av å jobbe med prosjektet, og er svært stolte av resultatet. No håpar vi at alle tilsette og besøkande blir like glade i det «nye» bygget som vi har blitt🥰