07/05/2026
Vågegruppa kjøper Hadarhus🎉🤝🏼
Gjennom oppkjøpet tek Vågegruppa eit nytt og tydeleg steg inn i eitt av dei mest offensive næringsmiljøa i regionen!
Over tid har Hadarhus AS blitt ein etablert og solid aktør innan bustadbygging, feltutvikling og kjøkkenløysingar gjennom merkevarene Blink Hus Søre Sunnmøre og Drømmekjøkkenet Hareid.
- Hadarhus er eit veldrive selskap med dyktige tilsette og er i ein sterk posisjon. No blir dei ein del av Vågegruppa og får tilgang til meir kompetanse, større fagmiljø og styrkte støttefunksjonar i systerselskapa som legg til rette for vidare utvikling, seier dagleg leiar Askjell Våge i Vågegruppa.
Deleigar og avtroppande dagleg leiar i Hadarhus AS, Terje Giskeødegård Balsnes, har stor tru på oppkjøpet.
- Dette er ei særs spennande og heilt rett retning for Hadarhus. Gjennom Vågegruppa får vi nye utviklingsmoglegheiter, samstundes som vi held fram med det vi kan best – å levere gode løysingar for kundane våre, seier Balsnes og held fram:
- Vågegruppa har også eit svært godt arbeidsmiljø på tvers av selskapa, noko som gjer meg trygg på at dei tilsette i Hadarhus vil trivast godt under nye eigarar.
Hadarhus planlegg no å styrkje bemanninga og lyse ut fleire stillingar, mellom anna driftsleiar, byggjeleiar og tømrarar🛠️
– Hareid er kjent for eit næringsliv der ein er «framme i skoa» og det er kort veg frå idé til handling. Vågegruppa vil passe godt inn i dette miljøet, og med dei på eigarsida legg vi til rette for enda tettare samarbeid og vidare utvikling mellom dei ulike lokale aktørane på øya, seier Balsnes.