Arkitektkontoret A38

Arkitektkontoret A38 Høg kompetanse og brei erfaring innan arkitektur, arealplanlegging, prosjektadministrasjon og progr

28/10/2021

Ulvahaugen Vest og Rutlinsparken
Liten videopresentasjon av vår visjon for prosjektet

Ulvahaugen Vest og RutlinsparkenArkitektkontoret A38 har starta arbeidet med ny reguleringsplan vest for Ulvahaugen.  Vi...
28/10/2021

Ulvahaugen Vest og Rutlinsparken

Arkitektkontoret A38 har starta arbeidet med ny reguleringsplan vest for Ulvahaugen. Vi i A38 er opptatt av å skape sentrumsutvikling med fine og tilpassa leilegheitsbygg i kombinasjon med gode sosiale uterom. Vår visjon er at dei beste uteareala skal vere opne og tilgjengelege for alle. Det er difor ønskeleg med eit makebytte av tomteareal slik at kommunen får den beste delen av den «flate» tomta i bakkant - i byte mot den bratte og «ubrukelege» skråninga i framkant. Dette blir ein vinn-vinn situasjon : prosjektet får fleire leilegheiter med gode sol- og utsiktsforhold, naboane bak får blokkene lenger unna si grense og kommunen, dvs alle som bur i Sogndal, kan få tilgang til eit stort og spennande parkområde som vi har kalla «Rutlinsparken». Med stadig fortetting og urbanisering i sentrum er det viktig at det blir skapt grøne lunger og parkområdesom som blir tilgjengeleg for alle. Totalt er det planlagt ca 100 leilegheiter fordelt på 3 byggetrinn.

Framlegg til detaljreguleringsplan for Haneviki utleigehytter handsama og utlagt til offentleg ettersyn i aller siste mø...
13/12/2019

Framlegg til detaljreguleringsplan for Haneviki utleigehytter handsama og utlagt til offentleg ettersyn i aller siste møte i gamle Balestrand kommune, for så - forhåpentlegvis - å bli godkjent i eit av dei aller første møta i nye Sogndal kommune.

Ting Tar Tid.  Etter ein lang runde med ekstraordinære utfordringar med geoteknikk, manglande sløkkevatn, dispensasjonar...
20/11/2019

Ting Tar Tid. Etter ein lang runde med ekstraordinære utfordringar med geoteknikk, manglande sløkkevatn, dispensasjonar frå reguleringsplan, Arbeidstilsyn (...) er vi no endeleg igang med bygging av Nye Stedjetunet. Etter 3 år er vi då kanskje tilbake og kan feire jul i nytt hus.

Vårt forslag til Vil Vite/ Sogndal vgs som vi dessverre ikkje får gleda av å realisere.
22/10/2019

Vårt forslag til Vil Vite/ Sogndal vgs som vi dessverre ikkje får gleda av å realisere.

Første byggetrinn på Fossetun-prosjektet er i dag innsendt til kommunen med søknad om rammeløyve.  Samtidig er prosjekte...
07/08/2019

Første byggetrinn på Fossetun-prosjektet er i dag innsendt til kommunen med søknad om rammeløyve. Samtidig er prosjektet ute til prising hjå 3 entreprenørar. Planen er å starte salet av 12 leilegheiter litt seinare på hausten.

Leilegheitsprosjektet i Fossetunkvartalet går inn i ein ny fase.  Fylkesmann har endeleg stadfesta detaljreguleringsplan...
21/01/2019

Leilegheitsprosjektet i Fossetunkvartalet går inn i ein ny fase. Fylkesmann har endeleg stadfesta detaljreguleringsplan, og vi har starta opp detaljprosjekteringa for fullt. Første delmål no er å søke om rammeløyve og utarbeide salsprospekt for Fossetunet 3. Målet er å starte salet av leilegheiter etter påske.

I dag er det 2 år sidan byggestart på Ulvahaugen Øvre, eit fortettingsprosjekt med 57 leilegheiter på ei trang og bratt ...
19/11/2018

I dag er det 2 år sidan byggestart på Ulvahaugen Øvre, eit fortettingsprosjekt med 57 leilegheiter på ei trang og bratt sentrumstomt. Det har vore to utfordrande år med prosjektering av ustabil grunn, høg utnytting, marknadstilpassing av leilegheitstypar samstundes som vi skulle skape ei fin arkitektonisk utforming og halde byggekostnadene låge. Nedanfor viser foto som er teken på byggeplassen før og under utbygging, samt utsnitt frå 3D-modell.

Vårt forslag til ny gangbru over Sogndalselva. Konstruksjonen formidlar både Fjodstien sine former og dynamikken i elva....
01/11/2018

Vårt forslag til ny gangbru over Sogndalselva. Konstruksjonen formidlar både Fjodstien sine former og dynamikken i elva. Vi nådde ikkje heilt opp i konkurransen og gratulerer vinnaren og Sogndal kommune med det beste forslaget.

Vi er godt i gang med Nye Stedjetunet.  Artikkel i Sogn Avis i dag.
24/10/2018

Vi er godt i gang med Nye Stedjetunet. Artikkel i Sogn Avis i dag.

Adresse

Kyrkjevegen 6
Sogndal
6856

Åpningstider

Mandag 09:00 - 16:00
Tirsdag 09:00 - 16:00
Onsdag 09:00 - 16:00
Torsdag 09:00 - 16:00
Fredag 09:00 - 16:00

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Arkitektkontoret A38 legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Arkitektkontoret A38:

Del